Innlegg

Det blir innført AutoPASS-brikke på ferje sambandet Masfjordnes-Duesund 01.04.2019.

TIL VÅRE REISANDE

AutoPASS brikkebetaling og AutoPASS takstar frå 1. april 2019

Det blir innført AutoPASS-brikke på ferje sambandet Masfjordnes-Duesund 01.04.2019.
Alle passasjerar reiser gratis ved innføring av AutoPASS-brikke.

For å få rabatt på køyretøy, må du ha AutoPASS ferjeavtale.

Med AutoPASS ferjeavtale med eit førehandsbetalt beløp får privatpersonar 50 % rabatt og bedrifter 40 % rabatt.

For å betale med ferjeavtalen, må du ha ei fungerande AutoPASS-brikke knytt opp mot avtalen. Har du berre AutoPASS-brikke utan ferjeavtale, får du 10 % rabatt.

Har ikkje brikke/brikka fungerer ikkje
I Hordaland kan du bestille ny brikke frå Ferde: www.ferde.no

Høyrer du heime i eit anna fylke, kan du finne ditt næraste bompengeselskap på www.autopass.no

Korleis inngå AutoPASS ferjeavtale?

Du kan teikne avtale på www.autopassferje.no. For å få full rabatt, må du i tillegg betale inn eit beløp på førehand.

Har du allereie eit AutoPASS ferjekort?

Då har du også ein AutoPASS-ferjeavtale. Du må knytte avtalen til AutoPASS-brikka di for å få rabatt.

OBS! Merk at du må ha brikka på plass i bilen for å få rabatt!

Kva skjer med gamle verdikort/ferjekort?

Verdikort kan ikkje nyttast på Masfjordnes – Duesund frå 1. april 2019. På ferjesamband som enno ikkje har innført AutoPASS brikke, kan verdikort nyttast til og med 30. juni 2019.

For å få refundert beløpet på verdikortet, kontakt kortutsteder: Gå til til dømes inn på www.fjord1.no, eller www.norled.no, «Refusjon verdikort», og følg rettleiinga. Restbeløpet vil normalt bli refundert til bankkontoen din innan ei veke.

Dei nye takstane finn du på skyss.no.