Innlegg

Ledig stilling som KHMS- leiar

WergelandGruppa er eit industrikonsern etablert i Gulen Industrihamn  på nordsida av Fensfjorden.

 

Me har ledig stilling som:

 

KHMS- leiar

Me er ute etter deg som vil medverke til god utvikling og vekst for WergelandGruppa, gjennom aktiv og fagleg tyngde innanfor området(faget).

Du må ha kunnskap/erfaring med kunde/myndigheitskrav og sertifiseringar.

WergelandGruppa  er sett saman av små og mellomstore selskap innanfor

Industrieigedom, Miljøservice, Basedrift, Maritim, Betong, Tekniske tenester, Skipsverft

Me har òg det nasjonale deponiet for NORM.

Våre selskap er sertifisert i ISO 9001 og 14001 standard, norsk sertifisering, kystverket og kontrollrådet

Me har tillating frå miljødirektoratet på mottak og behandling av farleg avfall, og mottak og deponering av NORM frå Statens Strålevern.

 

Arbeidsoppgaver

  • Bidra aktivt med forbetringsarbeid knytt KHMS og Sikring i Wergeland Gruppa
  • Sørge for at vårt internkontrollsystem dekkjer krav til oppfølging av konsesjonar, lover, forskrifter og standardar.
  • Medverke i dagleg planlegging av produksjon og prosesser, knytt til KHMS spørsmål og risikovurderingar.
  • Støtte linjeleiing ved revisjonar frå sertifiseringsorgan, myndigheit og kundar.
  • Medverke med informasjon til tilsette i produksjonen knytt til KHMS
  • Leie og utvikle KHMS gruppa i det daglege.
  • Utføre interne og eksterne revisjonar.
  • Granskingsleiar for hendingar og avvik.

Kvalifikasjoner

  • Utdanning innanfor faget på Bachelornivå eller høgre
  • Relevant erfaring vil kunne vege opp
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Gode datakunnskapar
  • Erfaring og interesse for forbetringsarbeid

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst med gjennomføringsevne
  • Ha det «kyndige blikket» og evne til å drifte i eit hektisk miljø
  • Leiareigenskapar som er med å bygge ein berekraftig bedriftskultur

Me kan tilby

Konkurransedyktige vilkår, ein utfordrande og spennande jobb i eit industrimiljø i utvikling.

 

For meir informasjon kan du ta kontakt med Rune Måren (KHMS-leiar) tlf. +47 92 20 64 66

Eller konsernsjef Irene Kjelby Wergeland tlf. +47 90 99 69 93

Søknader kan sendast til rune@wergeland.com

Innkomne søknader blir vurdert fortløpande.

Se her:

Aktuelt – på utkikk etter ny jobb? Send oss en søknad da vell!

Send åpen søknad